Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
logo FNSP redaktørstøtte

Veileder for nynorsk

Nynorsk på felles nettsider for spesialisthelsetenesta og helsenorge.no skal vere så moderne som mogleg, lik bokmål der det er mogleg (som hovudregel), bruke eit aktivt språk, og bruke klarspråk.

​For å få ein konsekvent bruk av nynorsk i felles nettløysing for spesialisthelsetenesta og på helsenorge.no, må vi ha felles retningslinjer for korleis vi skriv. Vi ønskjer å nå ut så breitt som mogleg – også til dei som ikkje har nynorsk som si målform, og til personar som har eit anna morsmål enn norsk. Derfor er det ønskeleg at vi bruker ein nynorsk som er moderne og ligg tett opp mot bokmål, men som samtidig må vere korrekt. Derfor prøver vi å unngå ord og former av verb som kan vere vanskelege å forstå og legg oss på ei linje som gjer at flest mogleg les det vi skriv utan å henge seg opp i ord og uttrykk vi bruker.

Blant anna anbefaler vi å bruke e-ending i infinitiv.

Før var reglane slik at dei som arbeidde i staten, ikkje kunne bruke klammeformer. Frå 1. august 2012 er [klammeformer] borte og dermed kan vi velje om vi ønskjer å bruke dei. Det betyr for eksempel at vi kan skrive både:

  • å dekke (som før var klammeform) eller - å dekkje
  • å søke eller å søkje
  • å ønske eller å ønskje

Tips

  • ​Vi kan ikkje skrive ”å være” på nynorsk. Det rette er å vere, er, var, har vore.
  • Noreg (ikkje Norge)
  • Vi unngår å bruke ord/vendingar som er ukjende/vanskelege å forstå
  • Vi bruker norske ord (e-post i staden for mail)
  • Vi skal vere konsekvente (bøyingsformer)
  • Forkortingane HF og RHF i bestemt form fleirtal: HF-a, RHF-a – ikkje HF’a, RHF’a (dette gjeld både på nynorsk og bokmål, apostrof skal ikkje brukast).

Vi bruker oftast det ordet som liknar mest på bokmål. Sjå nokre eksempel under:

​Vi bruker ... heller enn​
​arbeidsgivar ​arbeidsgjevar
​behandling ​handsaming
​behov ​høve
​blant anna ​mellom anna
​blei ​vart
​bli ​verte
​derfor ​difor
​då ​da (da og då er jamstelte)
​eksempel ​døme
​enkelte ​einskilde
​erfaring ​røynsle
​foreløpig ​førebels
​gammal ​gamal
​igjen ​att
​mens ​medan
​no ​nå (no og nå er jamstelte)
​nyheit ​nyhende
​nødvendig ​naudsynt
​oppfordre ​oppmode
​samtidig ​samstundes
​sjukdommar ​sjukdomar
​størrelse ​storleik
​vi ​me
​vi viser til... ​det vises til/det visast til.. (dette er direkte feil)
​å ønske ​å ynskje

Tips:

 

  • Bruk elektroniske oppslagsverk! Du finn ordbøkene på www.sprakrad.no
  • Bruk eit aktivt språk
  • klarsprak.no - gir oss gode tips om korleis vi kan bli betre til å skrive og få fram bodskapen ved hjelp av eit godt og klart språk.

 

Sist oppdatert 02.01.2024